onsdag 10. august 2016

Julekort med ugler

Heisann:-)
Dette kortet var virkelig kjekt å lage. Utgangspunktet for kortet var ein liten rest fra eit mønsteraket som eg hadde lyst å prøve meg på. Den type ark har eg ikkje brukt før og såg på det som ein utfordring.

Legg til bildetekst
Her har eg brukt brun base og kvit kontrastfarge fra Bazzil. Mønsteraket er fra Papirdesign-Til ettertanke. Kortet er 12x12 cm og er limt lag på lag. Dei søte uglene har eg klippa ut fra eit bilde som finnes i pakke med fleire forskjellige uglemotiv og er ifra Dixi Crafts. Uglene er limt rett på underlaget. Som "snø" har eg bruka osteklut og gjerdet har eg stansa ut med dies fra Marianne Design. Gjerdet har eg limt på med 3D puter for å få dybde på motivet. Den litle dådyrkalven er av tre, også her vart det brukt 3D puter, litt tjukkere som på gjerdet så han kunne stå utenfor og sjå" inn".
God jul skiltet er ein Chipboard fra Papirdesign og blonden er fra Panduro.

Legg til bildetekst
Inne i kortet har eg limt på samme mønsterark som på framsida. Her har eg ikkje gjort noko meir enn å lage skrivefelt. Det er brukt Dies fra Sissix og stempla tekst (husker ikkje kven sitt stempel dette er). Alle kortets kanter er sverta med Chestnut Roan fra Color Box

Det var ein del arbeid med klipping og planlegging men eg kosa meg skikkelig mens eg holdt på. Var kjekt å prøva på litt andre ting enn det eg er vant med. Håper at noen får lyst til å prøve :-)

Kreativ hilsen fra
Bente











2 kommentarer: